fusgur trassa slush-vèret som prega hovudstaden ein guffen onsdag i februar, for å prøve ut den italienske Il Vicolo i Citypassasjen.
MO: Trur aldri eg har vore gjennom i den passasjen her, veldig koseleg!! Her burde vore restaurantar på rekke og rad her!
EV: Eg tok bilete, men det skulle anten vore solskin ELLER snø kanskje? Vart litt mørkt, trur eg.
Vi fekk vatn i karaflar på bordet straks, og medan vi venta på SJ såg vi gjennom menyane og gjorde oss klare til pasta. Dagens var vegetarpasta, men dei klarte ikkje å lure nokon av oss til å gå for den trass påstandar frå servitør om at dei gjorde sitt beste for å vere gode førebilete for kundane sine ved å servere mykje grønt :)
MO gjekk for crostini med trøffelkrem, EV med pesto og parmesan og IV med kvitlauk og olje.
MO: Eg trudde crostine var brødpinnar? (synte seg seinare at det var feil..) Dette er jo berre loffskiver med litt pålegg på? Men, det var godt då.
MO sneik seg til ein smak med dei andre crostini-etarane, og konstanterte at den med pesto var best.
EV: Ja det var MYKJE smak i den her. Men godt.
IV: Dette var i alle fall kvitlauk. Eg får avlyse daten min ikveld...
Solveig fekk kylling fylt med italiensk geitost, steikte potetbåtar og grønt til, MO og EV gjekk for pasta delizie - lasagnerullar fylt med skinke, ost, spinat og kvitlauk, medan SJ gjekk for salaten med parmesan og parma og IV for tallegio-fylt laks med tilbehør.
Etter ca 20 min, kom maten på bordet.
MO: Dette var heilt ok, godt. Mykje ost, men godt på smak. Men det burde kanskje stå på menyen at tilbehøret i stor grad består av fungus (sopp) og aubergine og oliven?
EV: Grilla aubergine er noko av det beste som finst, så det var populært her i gården. Det samme gjeld store, grøne oliven. Men sjøve pastaretten var det ikkje noko spesielt med.
IV: Eh.... skulle ikkje laksen vere fylt med ost..? Eg ser ikkje nokon ost? Og er grilla grønsaker det same som litt aubergine..?
SJ: Salaten min har inte parmesan på... hittar du nån parmesan her? Va det inte salat med parma og parmesan?
Vi fekk kontakt med servitør ganskje kjapt for å seie frå, han tok med seg salaten og fylte opp med raspa parmesan og SJ fekk sin gode salat på plass. Fisken, derimot, tok det lengre tid med. Etter 10 min spurte IV kor lang tid det tok for å få den, og då sa han 2-3 minutt. Ok, greit. Så ventar vi i 10 min til alle andre er ferdige med sin mat, før MO går bort og sjekkar nok ein gong. Då står fisken i ovnen og skal vere ferdig om 2-3 minutt igjen. Det har vi ikkje tid til å vente på, så dei får beskjed om å gløyme fisken. Det skal seiast at dette vart det opplyst om FØR fisken gjekk tilbake på kjøkenet. IV sa frå at om det tok lang tid, så stod ho nok over - og vi kan vel seie at det tek lang tid når resten av følget har fått i seg middagen og er klar til å gå før maten er tilbake?
EV: Det tek vel litt tid å lage retten på nytt. Skulle vi ta ein cappuccino medan vi venter? Ikkje det? Det er jo ikkje verst at dei lager bestillinga ein gong til. Det er god service. Vi har jo vore stader der dei berre dreg på skuldrane viss nokon klager.
MO: Veldig sant! Ikkje ein gong lange, blonde hår i pastaen på Sjømatmagasinet gav meir enn eit skuldertrekk og "du får ny porsjon" - og ein forventar vel meir frå dyre restaurantar som skal vere eit hakk over..
Karakter: G
Crostinien var heilt ok, same var pastaen og salaten. Men dei andre hovudrettane var ikkje noko å rope hurra for. Det var eit anna og større selskap i lokalet som drakk ein del vin og såg ut til å nyte større merksemd enn vårt bord, og det var kanskje ikkje heilt populært å klage på maten og så ikkje ha tid til å få ny mat - kven veit. Diverre er det nok ikkje ein stad alle i gruppa vil gå tilbake til for å ete, sjølv om lokalet og plasseringa var særs koseleg - kanskje eit glas vin til sommaren, når ein kan sitje ute i passasjen for å få litt italiensk stemning? Viss vi er velkomne tilbake.
Brukeranmeldelser
I just now wanted to
Celina 26.12.2016
I just now wanted to thank you one more time for the amazing site you have created here. It truly is full of useful tips for those who are really interested in this subject, specifically this very post. You’re really all so sweet along with thoughtful of others in addition to the fact that reading your blog posts is a great delight in my opinion. And thats a generous surprise! Ben and I usually have enjoyment making use of your remtecmndaoions in what we have to do in the future. Our checklist is a mile long which means that your tips are going to be put to beneficial use.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024