Vi trassa snø og gufne gradar denne torsdagen i januar, heile vegen ut til Kolbotn for å prøve oss på Gamle Tårnhuset. Ein 13 min lang togtur kombinert med ca 5 min rask gange får deg innanfor dørane på eit lite, skakt og særs koseleg hus ved Kolbotn Torg.
MO: Det ser jo veldig koseleg ut! Litt skakt og skeivt, sjarmerande.
Vi kom oss inn i varmen, og fann fram til bordet der SJ venta allereie. Etter å ha sett gjennom menyen, gjekk nesten alle for 3 rettars Chef-meny, til 498 kr.
Servitøren kom med vatn i alle glas med ein gong, og var klar til å ta bestillingar etter å ha forklart litt om dagens suppe og liknande.
SJ: Är inte han mycket ung...? Jag blev nästan lite urolig där.
MO: Han såg ut til å vere ca 14 år, men det ER mogleg vi berre har blitt litt eldre.. hehe
Solveig heiv seg over brødet som også kom på bordet, ho var i overkant svolten.
Solveig: Veldig godt brød!
SJ: Ja, dom bakar det själva her, du kan också köpa med faktiskt.
På bordet kom rista kamskjel frå Frøya, med pulled pork-krokett og blomkålpure som tilbehør til forrett.
MO: SD, vil du smake bittelitt av den her?
SJ: Ja takk, litt bare. Mm den var god!
MO: Eg er særs nøgd enn så lenge, i alle fall. Perfekt kamskjel og god krokett!
Etter ei god stund, kom hovudrettane på bordet. MO fekk Dexterokse frå Svartskog, både indrefilet og kjake, med potetkake og ei skål med bearnaise ved sidan av.
SJ: Var det bearnaise från Toro?
SD: Jeg måtte bare smake litt, og det var IKKE Toro nei.. heldigvis.
SJ og Solveig fekk Lofotskreifilet med chorizo- og linsjesjy, fjellmandelpoteter og sjalottlauk, medan SD fekk sin pannesteikte ishavsrøyefilet med sellerirotpure, aspargesbønne- og rødbetsalat.
All mat såg særs delikat ut, og det verka perfekt tilberedt.
MO: Dette var veldig godt, og så ufatteleg mørt! Kjakar er jo noko av det beste som finst også, og det var meir enn nok. Eg er ganske mett no, men det SKAL ned..
Solveig: Eg heiv jo nedpå eit par skiver av brødet først i tillegg, men...
MO: Dytt på til det buttar, seier no eg, god mat skal vel ned! hehehe
Ei stund etter at hovudretten var fortært, og bordet rydda, spurte servitøren om vi var klare for dessert. Kort tid etter fekk Solveig og MO sin sjokolade- og karamellfondant, medan SJ og SD gjekk for lun smulepai med bær og krem av Nyr og sitron.
SJ: Vad är Nyr?
Servitøren svarte at det var ein slags blanding av rømme og cottage cheese, på ein måte, syrleg meieriprodukt med andre ord.
SD: Det var godt og friskt.
MO: Fondanten var omlag like god som den eg lagar sjølv, og det er sjeldan vare! Ein gong eg bestilte fondant, fekk eg berre ei gjennomstekt sjokoladekake. Det var stor skuff.
Etter dessert, sat vi og klaga over fulle magar før vi fann ut vi måtte gå for å rekke neste tog. Det drøyde si tid før vi fekk tak i nokon for å betale, så på slutten vart det litt murring - ingen av oss likar å vente for å få betale!
Karakter: M+
Lokalet er særs sjarmerande, her er det potensiale for romantiske middagar! Servitørane er tilstades, utanom for betaling - kan skuldast fullt hus, men uansett ikkje godt nok. Maten er veldig god, prisane er slett ikkje galne for den kvaliteten her og ein kan også få andre menyar til rimelegare penge, eller sjølv setje saman ein meny frå à la carte-menyen. Dei verka i det heile teke litt meir fleksible enn enkelte andre restaurantar, og det set vi pris på! Er du i området, eller kan tenkje deg ein kort togtur ut av tjukkaste Oslo, så er det absolutt å anbefale å leggje turen innom.
Brukeranmeldelser
KimS: I absolutely a
Blessing 26.12.2016
KimS: I absolutely agree. I taught a few Math for Elementary Teachers courses as a grad student, and for many I think it was the first time they got to actually DO math (at least in a context that di7;#&821dnt entirely alienate them). I’d guess that having elementary teachers who know math and are comfortable doing it is primary factor in kids learning math.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024