Fusgur logo

Kampen Bistro

Desember 2013

Kampen Bistro

Beliggenhet:   Kampen
Kategori: Norsk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein guffen dag i desember, var fusgur med gjestar endeleg klar til å prøve ut Kampen Bistro - noko vi hadde hatt planar om i berre ca 5 år.. Ikkje alt går altså like fort. MO: Oj, det var litt trongt her, var det ikkje?

Vi hadde fått tildelt eit bord lengst bak i ein krok, og måtte kjempe oss forbi andre gjestar for å sitje oss ned ved bordet.

MO: Men koseleg, for all del.
EV: Vi var jo her for nokre år sidan, og var særs nøgd - eg hugsar i alle fall at svineribba var noko av det beste eg har smakt av ribbe, og håpar dei er like flinke også etter at det brann her.

Vi fekk presentert menyen, som består av ein forrett, to hovudrettar å velge mellom, og ein dessert. Brød med kvitlaukssmør kom på bordet, i tillegg til mugge med vatn.

EV: Hæ? Er alle servitørane norsk her? DET er ikkje vanleg lenger, strålande! Ikkje at eg har noko imot svenskar ...
Ousman: Bra jag också är med i dag, den vitlöken va det mycket av..
MO: Ja, då slepp eg å stinke på eiga hand, for ein gongs skuld! Men utruleg godt smør, eg må berre ha bittelitt til.

Forretten var lakserøre med tilbehør, hovudrett var anten lammelår eller lyr, dessert var ei krydderkake. Denne gongen var vi visst kjøtsvoltne alle saman, for heile gjengen enda på lam.
SJ: Jag är hungrig, kött får det bli!

Etter kort tid, kom forretten på plass.

SD: Ok, hva er det friterte greiene her?
Henning: Kan det vere gulrot...?
Det viste seg å vere fritert lefse, noko overraskande, men veldig godt.
Ousman: Jag skulla villa äta en hel skål med den laxen her... som en laxgröt!
Solveig: Ja, den var verkeleg god! Men lefse hadde eg nok aldri trudd det var, artig.

Etter ei stund, kom lammet på bordet, rikelege porsjonar med mykje kjøt, tilbehør bestod av litt pastinakkar og bønner av ymse slag.

MO: Eg hadde nok ville hatt litt saus, kanskje?
SD: Jeg trenger ikke saus, har jo mye sjy her - veldig godt!
SJ: Om någon vill ha litt extra kött, så bara ta.. jag äter mycket förr tiden, men det blev förr mycket.
Henning: Enkelt og rustikt. Det er slik det skal vere her.

Noko av kjøtet var veldig mørt, medan andre bitar var litt tørre og nokre var med ein del bein og brusk, altså ganske variabelt. Men, mette vart vi.

Alle utanom Ousman satsa på dessert, og han fekk nokre smakebitar uansett.
MO: Ach, den var god! Eg trudde det kom til å kome ei krydderkake, men dette er jo meir som ein Brownie med noko som kan vere ein slags ostekrem?
SJ: Ja, det smakar ungefär som kladdkaka, kanske? Mycket gott!

Alle tallerknar var heilt tomme, og alle særs nøgde før vi kasta på oss klea og gjorde oss klare til heimreisa. Kampen Bistro var fylt til randen av lokale heltar, så heilt klart ein populær plass!


Karakter: M
Lokalet er koseleg av type lokal pub, servitøren hyggjeleg og maten god. Kan vel seie at forretten var ein soleklar vinnar, hovudretten var litt varierande (og litt keisam, synest MO og Ousman i alle fall) og desserten sat midt i blinken. Prisen er ikkje avskrekkande, 425 for 3 rettar, og ein får mykje mat for pengane, noko som er greit når ein er i selskap med svoltne menn. Og kvinner, sjølvsagt.

Til januarmøtet er det vårt nye fusgur-medlen SJ som skal velge stad for første gong. Vi gleder oss og har trua på eit godt val. I mellomtida ønskjer vi alle våre lesarar ei skikkeleg god jul!






Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Sono contento per lo
Susy 26.12.2016

Sono contento per loro e ripeto che il messaggio era riferito a risposta da botteghino a richiesta di biglietto: "ci sono posti scale del Coq&enumuot; e dato che ci siamo vogliamo parlare dei posti in piedi per Brignano? Leggiti altro post. Se poi vuoi continuare a divertirti fai pure.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no