Fusgur logo

Tacorepublica

November 2013

Tacorepublica

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: Mexicansk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Denne tysdagen i november tok fusgur turen til den relativt nyopna taqueriaen i Torggata, overbeviste om at det kom til å vere stille og roleg - trass alt ein tysdag! Men, det var rett og slett KØ utanfor før dei opna kl 18. Fleire i køa snakka om kor merkeleg det er at dei opnar først kl 18, då dei aller fleste vil ete etter jobb, som ofte er frå 16. Heldigvis var EV og IV tidleg ute, og først i køa! MO: Ja, det er vel første gong eg har stått i kø for at ein restaurant skal opne...
EV: Brrr ja det var kaldt å vente dei minutta utanfor døra, men vi fekk i alle fall plass!

6 personar fekk akkurat plass rundt bordet, og det var slett ikkje alle som fekk plass i første runde.

Solveig: Ok, korleis fungerar desse menyane her...? Kor mykje må ein bestille for å bli mett, til dømes?
Servitøren kom med ei mugge vatn etter ønske, diverre snakka ho kun engelsk - vi set jo pris på at norske restaurantar har ansatte som faktisk også kan litt norsk, men det er lite å gjere med og vi ville halde oss inne med ho som kom til å servere oss. Menyane har tacos som stykkbestilling, men dei kan også bestillast som større, der ein får 8 stk for ein større sum til å dele på. Ho prøvde å få oss til å innsjå at dette vart rimelagare og med meir mat, men då ikkje alle ville ha det same vart det vanskeleg.
Vi vart imidlertid samde om 3 delerettar; guacamole, ceviche og smelta ost med chili - alle kom med totopos, som er den "ekte" maischipsen.

MO: Mmmmmm dette var godt!!! God fisk. Og smelta ost!
SJ: Oh, det var spicy avocado! Men gott.

Det varte og rakk, men til slutt kom det tacos og volcán på bordet, nokre med ovnsbakt lam, nokre med svineconfit og andre med kylling. Volcán var friterte tacos med kjøt etter ønske og smelta ost i, og på bordet kom også fleire typar salsa.

SD: Det var jo veldig små tacolefser, da.
MO: Ja, det var ikkje store greiene men godt med kjøt i og det smakte veldig godt! At ein må ha 3-5 stk, som servitøren sa, er ikkje løgn - det vil eg påstå ein treng for å bli mett.
IV: Eg kjøpte to, det får halde. Men, den friterte var litt større, då.

Det lønte seg nok å halde seg inne med servitøren, for brått kom ho bort til bordet vårt med ein ekstra volcán - med kjøt. Det hadde vore ei feilbestilling på kjøkenet, så ho hadde ein til overs og tenkte vi kanskje ville ha den? Matelskarar seier ikkje nei til gratis mat, og vi delte den opp i bitar så alle som ville, kunne smake på.

SD: Den var veldig god, men - litt salt..?
EV: Eg må også prøve. Oj, det var faktisk veldig salt!
SD: Og salsaene var veldig gode, men den røde følte jeg egentlig ikke passa til noe som helst...?

MO våga seg på ein flan til dessert, medan SD satsa på sitronkake. SJ var framleis svolten, og bestilte 2 ekstra tacos og håpte på at det gjekk raskare denne gongen.

MO: Det var god flan, slett ikkje som Tine karamellpudding - heldigvis!
IV: Den er godkjent? Heimelaga?
MO: Heilt klart. Men den sitronkaka du fekk, SD, var jo svær! Det er ein dessert til å delast, altså. Og den var frykteleg god også.

Alle rundt bordet fekk ein smakebit av sitronkaka, som var frisk og god men likevel kremete og litt fluffy. Suksess!


Karakter: M
Lokalet er så som så, det er heilt klart ikkje møblementet det er lagt pengar i, og lydnivået var ganske så høgt - tildels vanskeleg å høyre alle rundt bordet. Sjølv om maten er god, og vi lett kan anbefale ein tur innom, vil vi også anbefale å vente litt til hypen har lagt seg og det ikkje er konstant kø inn døra. Det var ganske kaldt i lokalet, så dei kunne nok med fordel spandert litt ekstra kroner på straum, spesielt når det er fleire blå utanfor og døra går opp i eit køyr.
Men, pluss for spanande tacos utan den berømmelege kumminen som infiserar alt av "tacokrydder" i landet - heilt klart ei artig oppleving! Du kan ete deg høveleg mett for 2-300 kr, om du held deg til vatn som tørstedrykk, då prisane var rimeleg høge på både alkoholhaldig og ikkje-alkoholhaldig drykk. Dette er heller ikkje staden ein sit utover kvelden og kosar seg med ei øl, då det er høgt trykk på borda og vanskeleg å føre ein samtale utan at ein druknar i støyen.

Og, vi ønskjer SJ velkomen inn som ekte medlem i fusgur! Etter mange år med trufast teneste som konsulent, er ho no tildelt sine initialar og kan delta i fusgur som fullverdig medlem. Vi ser fram til mange fleire smaksopplevingar saman!







Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
This is both street
Ricky 25.12.2016

This is both street smart and ingtllitene.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no