Då var det nok ein gong tid for fusgur! Gruppa denne gongen var kraftig redusert då einskilde har forlate byen på ubestemt tid, medan andre pleia sjukdom. Heldigvis var kjerna av DHK klar til testing av byens dim sum stad nr 1- Taste of China i Torggata.
SD kom sjølsagt noko forseinka, dette skuldast uvettige arbeidsmengder som alltid. MO sat klar og sikla ganske åpenlyst over menyen allereie.
Vi starta ganske modig ut med 6 stk dim sum av ulik sort, og det skulle syne seg å vere nok.
MO: Ok. Det var litt merkeleg konsistens på den reddikpuddingsaken der, men den var ikkje vond på smak akkurat. Må nok seie at den klassiske wonton alltid er ein vinnar hjå meg då..
SD: De pastabollene var også gode da, og det biffkjøttet i ingefærsaus var jo også nydelig!
MO: Sant. Det er nok ikkje alt eg ville bestille ein gong til, men då har vi vore modige og prøvd ut litt nye ting i alle fall!
Servitørane var stort sett på pletten på sekundar om det var noko vi ville, og desserten var i full planlegging sjøl om magane antakeleg hadde fått tilstrekkelig med fyll.
SD: Ja, det er vel ikke noe tvil. Det blir fritert banan det!
MO: Hm, is med eggelikør er jo også godt.. men det er ikkje varme bjørnebær til så då satsar eg også på ein banandessert.
Desserten fann fint fram til magen den også, sjøl om den syntest i kraftigaste laget ved første blikk.
Samla karakter: M
Servicen er upåklageleg, maten var god og varm og kom på løpande band. Desserten kom også fort på plass, og vi sat aldri å venta i lengre tid på noko som helst. Eigen meny for dim sum, akkurat passe mange rettar å velge mellom. Ikkje det mest koselege lokalet, men greit nok og med mange gjestar ein onsdag kveld.
Ein kan vel ikkje seie det var ein forrykande debatt rundt bordet denne gongen, men vi sender eit par avundsjuke tankar til EV som for tiden fartar rundt i Sør-Amerika og skal gjere det i lang tid framover! Litt frustrasjon over arbeidsmengde som tek knekken på motivasjon og helse måtte ut, og ei kort periode var det fare for litt magetrøbbel hjå einskilde (namn skal ikkje nemnast) - men det løyste seg heldigvis før desserten var ferdig fortært. Det var eit hyggjeleg avbrekk i kvardagen, og vi ser fram til neste møte allereie!
Brukeranmeldelser
Wow! Talk about a po
Nona 25.12.2016
Wow! Talk about a posting kninokcg my socks off!
Gjenvitjing
fusgur 24.08.2011
5 år sidan sist gong, viser Taste of China at dei framleis rular når det gjeld dim sum. Einaste nedtrekk er at Sandra og IV fekk suppa dei bestilte ETTER at dim sum-rettane var fortært. Både chili og soyasaus på førehand førte til at suppa kjendes smaklaus ut i etterkant. Elles var det lite å utsetje på maten, dette er ein stad vi lett kan kome attende til.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024