Fusgur logo

Barcelona (NEDLAGT)

September 2005
BCN (nedlagt)

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Tapas
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
 
Brukeranmeldelser:
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
OBS! ETTER GJENBESØK I 2009, KAN VI DIVERRE FASTSLÅ AT NYE ANSATTE, NY MENY OG ENDRING ELLES GJER AT RESTAURANTEN IKKJE LENGER FORTENER DEI STJERNENE DEI FEKK TILDELT I 2005.

Ein flott haustdag i slutten av september var perfekt for eit besøk på den nye tapas - restauranten BCN, sentralt plassert midt i smørauget på Grünerløkka. Vi hadde ? etter anbefalingar reservert bord. Og det viste seg å vere naudsynt. Barcelona er stadig smekkfullt, og ein skal vere heldig for å få bord for meir enn 2 personar ved berre å svinge innom.

IV: Det var då vanvittig høgt lydnivå her inne! Eg høyrer knapt mine eigne tankar.
MO: Eit ganske lite lokale med mykje folk gjer nok sitt til at støyen er høg. Dei kunne eigentleg spart seg den musikken som durar i bakgrunnen.

SR: OH MY GOD! Sjekk dei bileta på veggen ? Spørs om eg klarer å behalde appetitten gjennom heile måltidet om eg skal sjå på desse heile kvelden!
EV: Kor mykje skal vi begynne med då? SD er litt seint ute, men ho kjem nok. Kor mange tapas treng ein eigentleg for å bli mett??
MO: Vi kan jo begynne med 3 stk. kvar kanskje?
Som sagt så gjort. Alle ville ha steikte poteter med aoli, så ein stor porsjon vart bestilt saman med ei rekke andre smårettar. SD kom noko forseinka, og det var ikkje lett å få tak i ein servitør for å ta imot hennar bestilling. Sjølv om ho kom 10 min. etter oss andre, burde det vere mogleg å reagere ein tanke raskare.

Så var alle bestillingar på veg, og inn kom rett etter rett. Heile bordet vart dekka med ymse gode smårettar, og til alt overmål fekk vi rikeleg av brød i tillegg utan ekstra kostnadar. Vi meska oss med alt frå klassiske kjøttbollar i tomatsaus, til scampi marinert i chili/kvitlauk, kyllingspidd, kamskjell, serranoskinke og manchego-ost, krokettar med serranoskinke, blåskjell og chorizo-pølse.
MO: Eg veit eg sa vi kunne begynne med 3 rettar kvar, men eg veit ærleg tala ikkje om eg klarar meir faktisk.. aaaaaa
SD: Jeg har i alle fall fått nok hvitløksmajones for en stund fremover. De har ikke akkurat spart på den.

Oppsummert: Framifrå mat, men til tider litt treig service. Prisane er ikkje avskrekkande, 35-59 kroner per tapas. Ikkje verst! Det her er absolutt ein stad som freistar til gjentaking, bortsett frå det høge lydnivået trass i at onsdagskvelden fortsatt var ung. Skulle vore eit større lokale med litt meir avstand mellom borda. Merkeleg kunst som nok har noko med forplanting av mennesket å gjere. Litt malplassert for vår del.

Samla karakter: M
Debatten nådde nye høgder under måltidet. SD vart ofseleg engasjert ei periode der vi kom inn på omskjering og annan lemlesting i forbindelse med TV-aksjonen. Sjølv om kanskje det emnet ikkje var så heldig under inntak av mat, så var alle samde om at dette var høgst aktuelt. Ikkje nokon kan vel tenkje seg det helvete kvar einskilde må gjennom. Arbeidet pågår jo sjølsagt for å opplyse om farer og misforståingar relatert til dette grusomme ritualet, og ein kjenner seg ganske hjelpeslaus i forhold til ting som dette. Einaste vi kan gjere, er å fortsette å støtte det arbeidet som blir gjort og fortsatt ha håpet i behald på at det ein dag kan vere slutt på slikt. På den mindre seriøse sida hadde SR eit mindre innlegg om toalett-i-ustand-problematikken i heimen, og forklarte stoda ved hjelp av kanskje litt for talande rørsler ved bordet. Vi fekk diverre aldri noko avklaring på kor vidt ein kan vere borti fleire enn ein kollega før det blir nasty. Neste gong får vi sette av tid til denne også relativt viktige diskusjonen. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
If youre looking to
Allayna 25.12.2016

If youre looking to buy these artleics make it way easier.
3.003.003.003.003.00
Nye eigarar = litt nedtur...
MO 28.03.2011

Har vore her eit par gongar etter eigarskifte, har ikkje vore like nøgd desse gongane. Litt dyrare, litt kjipare service og litt kjipare mat - greit nok, men thats it.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no